Feeds:
Posts
Comments

Posts Tagged ‘Nynorsk’

Nynorsk

Ivar Aasen (1813 – 1896)

Det er så lenge sidan eg har høyrt om han at eg hugsa ikkje alle desse småfakta om han: faren døydde, ingen venar -> las mykje. Så eg var inn på Wikipedia si side om Ivar Aasen, og trist nok så hadde Wikipedia bokmål meir enn den nynorske. Triste saker!

Han såg litt trist ut på biletet, spesielt augo. Eg undrar på om han var lukkeleg. Han har eit visst preg av nisse over seg òg.

Kanskje dette vil muntra han opp: Eg har avgjort at eg skal skrive gamalmodig nynorsk på alle stilar i kjømda.

Noko som kanskje vil forbetre meg: Eg skal byrje å skrive om læringsrike ting på bloggen. Til dømes i historie, kanskje det vil hjelpe meg å lære det betre. Dessutan vil tekstane mine då vere lagra her slik at eg før eksamen neste år kan berre sjå på alle historie-postane. Ikkje dumt!

Til sist vil eg seie at eg skal i kjømda skrive ei liste over ord eg lærer meg. Kanskje dette òg vil hjelpe.

Mellombels får ei liste med nynorske ord eg liker duge:

  1. Lagnad
  2. Løyndom og røyndom
  3. Venleik
  4. Einsemd
  5. Samrøde

Read Full Post »